Regionen


 

Sogn og Fjordane er eit fylke på Vestlandet i Norge som strekker seg over 18 623 km² og omfattar 26 kommuner. Fylket består av distrikta Sogn (Indre Sogn og Ytre Sogn) og Fjordane (Sunnfjord og Nordfjord) med til saman ca. 108 000 innbyggarar. Sogn og Fjordane er Norges nest minste fylke i folketal og det åttande største i areal. Fylket grensar til Hordaland i sør, Buskerud i sørøst, Oppland i øst og Møre og Romsdal i nord. Dei tre byene i fylket er Florø, Førde og Måløy. Administrasjonssenteret er Hermansverk. Likevel har ikkje innbyggarane i Sogn og Fjordane ein dominerende by.

Fylket har mange store og lange fjorder, som for eksempel Sognefjorden, den lengste fjorden i Norge. I tillegg finn me Jostedalsbreen på hele 487 km² her. Det er den største isbreen på det europeiske fastlandet, og er omringa av mindre brear og brearmar. På grensa mellom kommunane Luster og Årdal ligger Store Skagastølstind, som med sine 2 405 moh. er Vestlandet sin høgaste og Norge sin tredje høgaste fjelltopp. Ytterst mot havet ligg den vestlegaste byen i Norge, Florø.

Fylket er svært fjellrikt, og har fleire gode lakseelvar. Fylket har også mange frodige jordbruksbygder og betydeleg fruktdyrking. Husdyrhald, skogbruk og fiskeoppdrett er også utbreidd i fylket. Andre viktige næringar er industri, handel, turisme, privat og offentleg tenesteyting og administrasjon.

 

regionen