Tenester


BlueFjords Datasenter tilbyr ulike leigemodellar basert på kunden sitt behov. Som minimum håndterar Bluefjords fasiliteringstenester og leiger ut rackplass med nødvendig tilgang til nettverk. Sikker, rikeleg og redundant straum sikra med batteribankar og generator. I datasenteret har BlueFjords tilgjengeleg inntil 15 MW 100% fornybar energi. Høgeffektive og moderne UPS’ar med god batteritid og redundant kjøling basert på siste teknologi i indirekte luft til luft kjøling.

Datasenteret sine kjernesystem har levert 100% oppetid sidan oppstart i 2015.

 

Areal

BlueFjords tilbyr den sikraste og beste fullservice IT housing for kunder som fokuserar på digital sikkerheit. Vi tilbyr kundetilpassa leige av:

  • Rackplass
  • Whitespace (areal)
  • Kube
  • Datahall

Straum og kjøling

BlueFjords sin IT-housing blir levert med doble UPS og strømforsyning og er det  første datasenter  i Norge som oppnådde 100% frikjøling (luft-til-luft).

Jostedalsbreen er ein temperert bre, det vil sei at det renn vatn under og breen ligg på trykksmeltepunktet. Dette vatnet blir brukt til energiproduksjon.

Breen er Norges største ferskvasskjelde.

Konnektivitet

BlueFjords er «carrier-neutral», men kan vera behjelpeleg med å etablere kommunikasjon til/frå datasenteret. I samarbeid med telekom-partnerar har vi etablert effektive og prisgunstige kommunikasjonsløysingar uansett kor du held til.

  • – Fleire høgkvalitets fiberkanalar tilgjengeleg
  • – Fleire vegar inn i den europeiske marknaden er tilgjengeleg fra Oslo

Energimonitorering

BlueFjords tilbyr sine kundar  energimåling av netto forbruk i racket dersom det er ønskeleg. Avrekning opp mot datasenteret sin unike PuE (power usage effectiveness).

Verdiaukande tenester

I tillegg til housing av virksomheitskritisk utstyr, kan vi tilby kunde fleire datasenter administrerte tenester, der du kan velge din ideelle kombinasjon av fasilitet og driftsstøtte.

Mengde og størrelse etter eige behov og ønsker. Det er også mogelegheit for gjestekontor dersom du i ein periode treng nærheit til installasjonane dine .

 

Ta kontakt for info om vilkår, fasilitetar og prisar ( +47 97 46 02 55 ).